Hovedside > DEBATT > Anne Bjørke: Fridomsaksjonen – for fleire enn konfirmantar?

SISTE DEBATT:

10.2.2011
Harald Fagerhus
Vi trenger en religiøs lavalder!

10.2.2011
Martin Knutsen
Frie v.s gode valg?

14.1.2011
Morten Horn:
Myter om helse – og skepsis

15.12.2010
Rune Vik-Hansen
Hva er metafysikk?

15.12.2010
Ole P. Lien:
Tro uten følelser er troløshet

3.12.2010:
Ronnie Johanson:
Al-Kubaisi fortjener vår støtte

16.11.2010
Iver Dreiås:
HEF's Giordano Bruno

28.10.2010:
Sara Azmeh Rasmussen:
En sen beklagelse til HEF

26.10.2010
Bente Sandvig:
Svar til Hadia Tajik

26.10.2010
Didrik Søderlind:
Svar til Roger Christensen

18.10.2010
Roger Christensen:
Klisjeer om Sverigedemokraterna

plain box

Fritanke.no er en uavhengig nettavis for livssyn og livssynspolitikk, eid og finansiert av Human-Etisk Forbund.

Fritanke.no redigeres etter redaktørplakaten.

Redaksjonelt stoff i Fritanke.no står ikke nødvendigvis for Human-Etisk Forbunds regning.

plain box Kontakt
Telefon: 23156020
Fax: 23156021
plain box Besøksadresse
Humanismens Hus
St. Olavs gt. 27
Oslo
plain box Postadresse
Pb 6744, St. Olavs plass
0130 Oslo
plain box Ansvarlig redaktør
Kirsti Bergh
bergh {@} human.no
plain box Journalist
Even Gran
gran {@} human.no

Anne Bjørke: Fridomsaksjonen – for fleire enn konfirmantar?


Fridomsaksjonen kan verte så mykje meir, for oss alle – det kan verte eit tilbod til kvar enkelt av oss om å gjere ein direkte innsats som verkeleg betyr noko for ei rekkje menneskje, skriv Anne Bjørke.
  

Publisert: 17.10.2007

I siste papirutgave av Fri tanke står det å lese at Statskonsult har sett nærare på Fridomsaksjonen (FA) og konkluderer med at ein anten bør legge ned eller trappe opp aksjonen. Eg håpar at humanistar i Noreg ikkje vel det første alternativet – ja, for det er eit kollektivt val som kvar enkelt av oss må ta ansvar for!

Hittil har det i stor grad vore konfirmantane som årleg har vore aktive under aksjonsveka på vårparten, i alle fall mange stadar i landet og med unntak av dei som er aktive i organiseringa. Eg trur det er utruleg viktig for unge menneskje å få ei konkret oppgåve som ein del av kursopplegget som skal førebu til humanistisk konfirmasjon – eit fantastisk tema for læring om mellom-menneskjelege verdiar!

Likevel – FA kan verte så mykje meir, for oss alle – det kan verte eit tilbod til kvar enkelt av oss om å gjere ein direkte innsats som verkeleg betyr noko for ei rekkje menneskje i form av støtte til HAMU (humanitærorganisasjonen til HEF) sine prosjekt, samtidig som vi får ein positiv bieffekt her heime. Eg får av og til inntrykk av at enkelte utanfor HEF tolkar omgrepet ”mennesket i sentrum” som at vi humanistar har nok med oss sjølve – at vi fokuserer på eigen person og bryr oss mindre om andre… I form av FA har vi ein gyllen sjanse til både å gjere eit praktisk arbeid for menneskje som er mindre heldig stilte enn oss sjølve og samtidig vise det norske samfunnet at vi er villige til å gjere ein dugnadsinnsats for humansime i praksis. Vi får høve til å bidra med meir enn pengar – vi kan gi av tida vår og engasjementet vårt. Det er nok også ein stor sjanse for at vi sjølve får noko att i form av auka kunnskap og ei kjensle av deltaking!

Kva om vi vel dette alternativet – å verkeleg gjere FA til vår aksjon? La oss gjere Fridomsaksjonen kjend i Noreg – til ein aksjon som folk veit kva står for! Meld di interesse til ditt fylkeslag av Human-Etisk Forbund – du kan jo sjølv velje kor mykje tid, kreativitet og entusiasme du vil gi!

Anne Bjørke
Vigslar og ”nyfrelst” FA- og HAMU-entusiast